Skumma Kultur- Sjølvet I Litteraturen

Published: May 22, 2011, 11:17 p.m.

Treng du ei pause frå lesinga og regnet? Høyr på Skumma kultur! I dag fekk vi besøk Adela Salomon-Hammersland, som fortel oss om Galleri Kaos; som idé, deira nye utstilling og pågåande skiltkonkurranse. Vi ser på sjølvet i litteraturen, og gjev deg eit djupdykk i Walt Whitmans "Song of Myself". Henrik Ibsens Skrifter i bokform er fullført; vi fortel deg kva som er så spesielt med dette humanioraprosjektet. I studio: Anne Myklatun og Ingrid Margrete Thorvaldsen. Medverkande: Kristina Wensaas og Sunniva Nicole Rebbestad.