Bombefly til bekymring?

Published: Feb. 26, 2021, 7 a.m.

Gjer amerikanske bombefly på norsk jord at vi er inne i ein rustningsspiral som utgjer ein auka fare for landet? Eller tryggar dei oss mot eit meir sjølvhevdande Russland? Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og Høgres Hårek Elvenes debatterer. Og NRKs politiske kommentator Lars Nehru Sand ser eit klart mål men ein utydeleg plan når Vedum og Støre endeleg har gitt eit felles intervju.