23.02.2016 Politisk kvarter

Published: Feb. 23, 2016, 7:11 a.m.

Ville du blitt redd eller rolegare om du møtte ein gjeng kledd i svarte hettegensar med bilete av vikingehjelm på, i gata ein sein nattetime? Odins soldatar bør få honnør, meiner justispolitisk talsperson i FrP Jan Arild Ellingsen. Skremmande, seier leiar i justiskomiteen og nestleiar i Arbeiderpartiet, Hadia Tajik. Og er Ap gått frå å vere øra i norsk politikk til å bli hanen? Henrik Asheim stortingsrepresentant for Høgre hevdar Ap vinglar.