Kurer 434: Lokalradioens status i Noreg i 2016

Published: Aug. 26, 2016, 11 a.m.

I 2016 har 231 lokalradioar sendeløyve i Noreg. Utfordringane er fleire – og dei er tunge: Så å seie alle lokalradioane har ein trang økonomi. Mange av dei små slit i tillegg med rekrutteringa. Og så er det ikkje alltid så mange som høyrer på heller. Likevel er det fleire hundre, kanskje fleire tusen, som kvar veke lagar lokalradio på dugnad her til lands. Kven er desse entusiastane? Kva driv dei? Og korleis ser dei på framtida for norsk lokalradio? Programleiar er Heidi Fagna.